KampTidHendelse
Førde-Årdal88Straffe. Sander Solvik skårar sikkert. Førde er minst 5 mål betre enn oss i dag, berre å gratulere
Førde-Årdal73Gult kort til Edwin. Førde skårar ikkje på det etterfølgande frisparket
Førde-Årdal72Sander Solvik skårar på eit skot frå 17-18 meter. Førde ein klasse over oss.
Førde-Årdal53Kjetil Karlsen ut, Gunnar Heggheim inn
Førde-Årdal91-0, Bernt Norevik
Sogndal 2-Årdal FK: 3-1 (2-0)
   
 TidHendelse
90Sogndal vann fullt fortent mot eit, til tider, tamt Årdal lag. Sogndal var klart best i fyrste omgang, og leia fortent 2-0 til pause. Etter kvilen starta årdølene kampen best, og reduserte etter tre minuttar spel ved Bernard Brons. Etter målet jaga grøntrøyene utlikning, men sjansane utevart. Kai Risholt punkterte kampen med si 3-1 scoring kvarteret før slutt. Tomålscorar Risholt var forøvrig midtstoggar i dag. Neste kamp for Årdal FK er heime mot IL Høyang på Jotun stadion, vel møtt.
90SLUTT!
90På overtid no, Sogndal har full kontroll, sjølv om Årdal har vunne eit par kårnerar dei siste minuttane.
89Byte på Sogndal. Ut går Andreas Krogstrand, inn kjem Kjem Vegard Aasen.
87Sogndal trillar ball no, for å la tida gå.
86Byte på Sogndal. Ut går Ola Skram, inn kjem Vegard Fosse Sandvoll.
86Byte på Årdal. Ut går Christian Stedje, inn kjem Johnny Aspeseter.
75Byte på Årdal. Stian Øy ut. Inn kjem Daniel Eide
74Målet til Sogndal kom i ein periode kor Årdal hadde bra kontroll bakover.
74Kai Risholt. Risholt står heilt umarkert å nikkar enkelt inn 3-1 med hovudet etter eit innlegg på bakre stolpe av Øystein Lerum frå høgresida.
69Tempoet har roa seg, og det skjer særs lite på Campus for augneblinken.
65Årdal har vore klart best til no i 2.omgang, og bortelaget Årdal pressar på for ei utlikning.
65Brons har kome godt inn i kampen i 2. omgang. No stoggar han Andreas Krogstrand kontant ute på kanten, sistnemnde svarar med å rive i trøya til Brons som fører til gult kort.
63Frispark frå ca 25 meter til Årdal. Christian Stedje finner Brons på hovudet som headar ned til Jevnaker som skyt på direkten, men rett i føtene til R. Olsen som blokkerar skotet ufriviljug. Uheldige der, nesten 2-2.
61Valter Laaksonen ut. inn kjem Eilert Brox Holme.
60Valter Laaksonen blir skada etter ein duell og blir liggjande på bana.
54Bernard Brons. Terje Andreas slår ein utoverskrudd kårner der Bernard Brons knuser alle i lufta, frå omlag 11 meter, å stangar inn reduseringa.
53Strypet fossar framover på bana, han passar til Terje A. Jevnaker som igjen slår eit godt innlegg som ein sogndalspelar får klarert høgt over eige mål.
48Årdal går rett i angrep anført av Preben Strypet som mottek ballen frå ca 18-20 meter og kliner til, men skotet går like utanfor mål.
45Då bles dommaren for pause. Sogndal har vore det beste laget i 1. omgang. Spesielt har venstrekanten Andreas Krogstrand hatt ein god dag på jobben, og har kome til fleire gode innlegg. Årdal har ikkje fått tak på dei unge sogndalspelarane, å slit med mange feilpasningar. Elles kan me meddela at det er godt og vel 60 personar som har teke turen til Campus i kveld. Derav rundt 20 bortesupportarar.
42No dominerar Sogndal utpå her, venstrekanten Andreas Krogstrand gjere ein god kamp i dag. Han lurer Brons å leitar etter Laaksonen som kjem spurtande mot fremste stolpe men avslutninga går like utanfor.
37Ola Skram. Andreas Krogstrand kjem seg forbi Bernard Brons på venstrekanten, lagt høgt inn i feltet kor Gilleshammer feilberegnar å mistar ballen til Ola Skram, som trillar ballen i det tomme buret.
35Preben Strypet klarar å få med seg ballen vekk frå mål med keeper Daniel Kvåle i helane, Strypet får snudd seg å lagt inn til Allan Jørgensen som ikkje når ballen som rullar forbi det tomme målet.
32Henrik Furebotn helsar på gamle lagkameratar med ei tøff takling på Bernard Brons, dommaren gjer eit gult kort.
27Bra sjanse til Sogndal. Årdal klarar ikkje å klarere ballen etter ein kårner, kor den til slutt endar hos ein sogndalspelar som dundrar ballen mot mål. Kun eit tigersprang frå Gilleshammer hindrar to null til kvittøyene.
25Årdal vel vanskelege løysningar som fører til mykje balltap.
22Sogndal har teke over banespelet dei siste minuttane.
21Bernard Brons med ei sein takling på Oddbjørn Skartun, dommaren bles gult kort og frispark til Sogndal.
19Ny stor sjanse for Sogndal, Andreas Krogstrand forserar nedover venstrekanten å legg eit flatt innlegg på bakerste stolpe kor Laaksonen ikkje når ballen med tåspissen.
17Kampen har jamna seg ut etter at Sogndal tok leiinga.
17Edvin Hestetun ligg nede med hovudskade etter ein duell. Det såg alvorleg ut, men hardhausen Edvin reiser seg etter litt veskeinntak.
13Kai Risholt. Sogndal tek leiinga ved Kai Risholt. Klabb og babb på Årdal sin banehalvdel etter kårneren endar med at eit nytt legg blir slått inn på bakerste stolpe, kor Kai Risholt styrer lærkula i mål med hovudet.
10Bra sjanse til Sogndal, skot frå 18-20 meter som ÅFK målvakt Preben Gilleshammer reddar til kårner.
5Stor dobbeltsjanse for Årdal. Terje Andreas Jevnaker legg hardt inn i feltet, der står Christian Stedje på bakerste stolpe som sender ballen tilbake, retning Strypet som står heilt åleine. Han bommar på ballen, då den kjem ganske så uventa på han.
1Kampen er i gong.
0Veldig flotte speleforhold i Sogndal og Fosshaugane Campus i dag.
0Lagoppstilling SIL2: Kvåle, Løvik, Lerum, Fretland, Krogstrand, Haugen, Skram, Skartun, Furebotn, Risholt, Laaksonen
0Lagoppstilling ÅFK: Preben Gilleshammer, Bernard Brons, Allan Jørgensen, Ørjan Stedje Ylvisåker, Edvin Hestetun, Tim Teigen, Roy Olsen, Stian Øy, Terje Andreas Jevnaker, Christian Stedje, Preben Strypet. På benken sit: Ørjan Skilbreid, Julian Brons, Daniel Eide, Johnny Aspeseter, Stian Karlsen, Sverre Heggheim
Hovedsponsor
AdsImageUrl
HyperLink
HyperLink
Kampsponsor
AdsImageUrl